Kåre Glette:
Jan Mehlum får Vestfolds litteraturpris 2003

Pristale, Tønsberg og Nøtterøy Bibliotek, 02.11.2003

Jan Mehlum får Vestfolds litteraturpris 2003 for sitt samla forfattarskap. På sju år har han gitt ut seks kriminalromanar: Gylne tider (1996), Kalde hender (1997), Det annet kinn (1999), En rettferdig dom (2000), En nødvendig død (2002) og Den siste dansen (2003). Romanane er serieromanar med detektiven og antihelten Svend Foyn som seriefigur.

Alle tekstar tek opp i seg og omformar tidlegare tekstar. Etter mitt syn har Jan Mehlum både gått inn i eit tønsberglokalt, eit nasjonalt og eit avansert internasjonalt tekstlandskap for å utvikla sin eigen skrivemåte. Den tekstlege regionaliseringa i norsk kriminallitteratur dei siste tretti åra (med Gunnar Staalesen som det mest kjende tilfellet) har gjort det lettare for han å gjera Tønsberg til kriminell arena og base for privatdetektiven Svend Foyn. Det samfunnskritiske perspektivet har han truleg funne inspirasjon til i svenske Maj Sjøwall og Per Wahløøs formidable krimsuksess på 60- og 70-talet. Men grunntonen har han truleg henta frå den amerikanske, såkalla hardkokte kriminallitteraturen frå mellomkrigstida med Dashiell Hammett, Raymond Chandler og Ross Macdonald som dei fremste representantane. Om denne litteraturen er det sagt at den er stor dikting og at den har gitt oss nokre av dei mest presise skildringar av moderne urbant liv som finst i verdslitteraturen. Desse påpeikingane er ikkje meint som ei innvending, men som ei understreking av at for Jan Mehlums del har resultatet blitt eit viktig, sjølvstendig og særprega forfattarskap med stor appell, ikkje minst lokalt, men også nasjonalt og internasjonalt.

Å skriva krim er ein vanskeleg balansegang. For det første er denne litteraturen såkalla formellitteratur, eit fast skjema av utdelte roller for personar og handling: detektiven, brotsverket, offeret, skurken, etterforskinga, informantane, oppklaringa, rasjonalismens og etterforskingas triumf. Forfattaren må følgjeleg handtera to historier samstundes; kriminalhistoria og etterforskingshistoria, tilbakeskodinga og framoverskridinga, dessutan må dei koplast saman. Denne formelen ber preg av konstruksjon . Derfor bør den på ein måte dekonstruerast, motseiast eller viskast ut, slik at krimforteljinga ikkje berre blir eit logisk puslespel, men meir framstår som ei frodig, "sann" og dagsaktuell historie. På dette punktet har Jan Mehlum sin store styrke. Som sosiolog har han stor innsikt i samfunnet, dessutan driv han grundig forarbeid, noko som fører til at romanane får karakter av autensitet, dagsaktualitet og moderne sosialrealisme (kanskje sosialnaturalisme) fordi han sjonglerer sosiologien naturleg inn i formelen; han skaper komplekse, men forståelege intriger, han underinformerer lesaren, han "krisemaksimerer" situasjonar på ein truverdig måte og skaper dermed intensitet og spenning, dessutan gir han oss forrykande actionscenar og thrillersekvensar. Med dette får han oss som lesarar til å forholda oss til, gripa og reflektera over sider av samfunnet som elles verkar fråstøytande, skremmande og trugande.

Mehlums forfattarskap er lokalt forankra i tønsbergdistriktet. Dette gir forfattarskapen ein tilleggsdimensjon for den regionale lesaren som med sin mentale Tønsberg-tekst har ein ekstra leseressurs, det kan bli opprivande og dirrande sterkt når dei svartaste illgjerningar utspelar seg på Tolvsrød og Tjøme, i Stokke og i Tønsberg. Men det at handlinga er lagt til Tønsberg, tyder ikkje at det handlar om, men korresponderer med Tønsberg. Ved å gi den stammande, Jaguar-kjørande og Bache Gabrielsen-drikkande advokaten og privatdetektiven sentralperspektivet og same namnet som puritanaren, samfunnsbyggjaren og kvalkongen Svend Foyn uttrykkjer forfattaren ei leikande, humoristisk og distansert holdning til den lokale forankringa, ei holdning som går gjennom heile forfattarskapen og som gjer at prisvinnaren suverent kan tillata seg å sparka til ærverdige institusjonar som Tønsbergs Blad og Tønsberg politikammer, laga nye gater, skifta husnummer og opna nye torg, til stor fortviling for dei som lurer på om Foyn har kontor ved Torget eller Farmannstorget. Lokal forankring er ikkje til hinder for nasjonal og internasjonal suksess. Grepet med Svend Foyn og Tønsberg som lokaltekst, kombinert med ein moderne, samfunnskritisk og hardkokt stil har ført til nasjonal og internasjonal suksess for Mehlum. Det er truleg eit teikn på at urbaniteten og kriminaliteten har nådd så langt at forholdet mellom storbyen og småbyen, Noreg og Europa har blitt utjamna, og at Mehlums romanar uttrykkjer noko europeisk allment og pirrande fascinerande om vår tids modernitet.

Vi ser lett at advokat Svend Foyn har bergensdetektiven Varg Veum som tekstleg far og Chandlers legendariske Philip Marlowe som bestefar. Like fullt godtek vi antihelten Foyns som tønsbergensar, sosiolog og eit vanleg, skrøpeleg menneske som truleg fungerer nærast som ei religiøs leiestjerne. Han tek oss bak dei plettfrie fasadane, han gir oss lys i mørket, han skaper rettferd i urettferda og orden i kaos. For denne formidable innsatsen hadde etterforskaren kanskje fortent eit like prangande monument utanfor Biblioteket som det hans berømte namnebror har fått lenger borte i Storgata. I det minste ei flaske Bache Gabrielsen. Sidan eg ikkje er sikker på at flaska blir spandert og monumentet reist, er eg glad for at vi i kveld er samla her i Biblioteket for å gi heider og ære, sjekk og litografi til Vestfolds fremste krimforfattar, den eigentlege opphavsmannen til ein tekstleg kjendis som i dag kanskje er meir berømt enn namnebroren og kvalfangstkongen Svend Foyn.

Se også:
- Litteraturnettet: Jan Mehlum
- Tønsbergs blad: Populær antihelt  
- Tønsbergs blad: Jan Mehlum fikk litteraturprisen